VA-saken fra Avisa Valdres

Følgende er klippet fra Avisa Valdres 1. mars 2017:

«Ynskjer VA-løysing i Ålfjell
For kommunen er det viktig å få ført mest muleg av avløp i heile Vaset-området fram til det kommunale reinseanlegget, av omsyn til miljøet, blant anna drikkevatn.

I november i fjor drøfta formannskapet ein skisse til kommunal hovudleidning for VA, til om lag 20 millionar kroner.
– Denne saka er overmoden, sa ordførar Eivind Brenna då.

I kommunestyremøtet 15. februar vart det vedteke å gå vidare med prosjektet med framføring av offentleg vatn og avløp i Ålfjell.

Det var i saksutgreiinga skissert ulike alternativ, også med stikkleidningar inn i feltet. – Mange i dag ynskjer ein høgare standard på hytta, også felles anlegg for VA. Dette er meir krevjande å få til, også praktisk, her enn i eit nytt felt, seier rådmann Martin Sæbu.

Det vil vera frivillig å kople seg til den offentlege
VA-leidningen, då mot eit anleggsbidrag som er antyda til rundt 100.000 kroner.

– Totalkostnaden må til ein viss grad fordelast, og til fleire som blir med til rimelegare vil det bli. Så langt har vi skissert at minst 70 – 80 må seie ja hvis vi skal kunne realisere dette, seier Sæbu, som legg til at kommunen vil samarbeide tett med Ålfjell Vel i saka.

Vi prata med Carl Fredrik Wennersten, han er kontaktperson for VA-komiteen i velforeininga, som har om lag 100 medlemmer.

Han seier at det er jobba meir eller mindre i ti år for å få til ei felles VA-løysing for Ålfjell. – Eg har merka meg at kommunestyret no har gjeve administrasjonen fullmakt til å ha dialog med oss. Eg har god tru på at vi kan finne fram til ein modell eller løysing som kan godtakast både av kommunen og av medlemmene våre, seier Wennersten.

Han legg til at dialogen alt er i gang, og at han ser for seg at mykje kan falle på plass i løpet av våren.

– Då vil vi gå ut med grundig informasjon, og tilråding til
medlemmene våre, samtidig som kommunen kjem med eit konkret tilbod om pris, seier Wennersten. Han håpar mange nok ser framover og blir med på ei felles løysing, men ingen kan tvingast.»

Tor Harald Skogheim, Avisa Valdres